Søk i denne bloggen

søndag 4. mars 2012

Dei to siste fargane i regnbuen....


Oransje er ein farge eg ikkje er heilt begeistra for,
derfor har eg ikkje noko  interiør i den fargen.

Men appelsiner derimot , det er godt.
Cevita appelsinene er ekstra gode no fram mot påsken.


Fra huset vårt har me ein fantastisk utsikt ut over sjøen.
Er spesielt fint når sola går ned i havet og me får
heile solnedgangen med oss.
( mobil bilde- derfor dårlig kvalitet) 


Går over til den ytterste fargen i regnbuen som er rød.
Til jul pynter eg heile huset med røde ting.
Er veldig glad i nisser, men dei er jo rydda vekk
og ligger i dvale på loftet.

Røde roser må til . Eg kjøper mest rosa og kvite roser,
men må ha røde roser innimellom.


Mailinn elsker jordbær, så ho blir ekstra glad når det kommer
jordbær på bordet. Så spør ho : Kan eg eta, eller er dei til pynt ??
Som du kanskje skjønner har eg avogtil snop til pynt...
Som oftast er det pikekyss og skumputer i rosa,
siden fargen i stova no er kvit og rosa....  

Men over til rød igjenn.....Desse skålene bruker eg med jul,
fine til å ha på bordet med snop oppi,
og ikkje minst å ete riskrem fra.


(dette bilder er tre år gammalt, blei tatt i Morten sin konfirmasjon)

Den røde tingen eg er mest glad i er BUNADEN min.
Eg har hardangerbunad ( den finaste bunaden ),
og heldigvis har Monica valgt ein lik til konfirmasjonen sin.

Mamma holder på å syr bunad  til konfirmanten vår,
å takk og pris for det, for det er masse arbeid bak ein bunad.
Ho sitter på kveldstid og nysler med dette prosjektet. På dagtid går ho jo i fullt arbeid.

All æra til ho :)
Litt spesielt for Monica og, at mormor syr bunaden.

Konfirmasjonen i mai skal gå i rødt og sølv, har konfirmanten bestemt.

I morgo begynner eg på TV stova vår . Den har me stengt igjenn om vinteren,
fordi det er så kostbart å varme den opp når det er kaldt ute.
Det er fliser på golvet , og eine vegger er nesten bare glass.
Einaste oppvarmingsmåten me har der inne er varmekabler i golvet.

Så om vinteren tar me TV med oss inn i den andra stova og lokker
dørane godt igjenn.
I morgo skal eg begynne å male veggene , slik at den er klar når me skal opne dørene igjenn.

Ha ein fine søndag vidare :))








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar