Klokka 03.30 stod denne bussen klar og venta på oss, med
skulen på Fitjar. (bilde er tatt seinare på turen)
Alle elevar og vaksne var klar for turen over fjellet
til Oslo. Me hadde greit med tid.
Sjåføren informerte om at me måtte/ skulle
vera i Oslo kl 12.15.
Båten skulle dra kl.14.00
Første stopp hadde me på Valvatna,
ca 25 minutters kjøring.
Då måtte første man ut å trekka frisk luft
og spy. Jaja tenkte eg , dette kommer til å bli ein LANG
tur over fjellet.
Heldigvis skulle guiden møte oss i Oslo,
så guidsete i bussen var ledigt.
Det var kø for å sitte framme i guidsete,
og me hadde mange stopp over mot Oslo.
Men me nådde fram til Oslo i tider,
og Color Magic.
På båten var det informasjonsmøte og sikkerhetsregler
ombord i skipet. Det var mange elever som var på skuletur,
så litt sikkerhetsregler var greit å få med.
Etterpå var det "fritid". Litt shopping, cafebesøk og avslapping.
Om kvelden var det middagsbufet, diskotek for ungdom opp til 19 år.
Det var mange foreldre som prøvde å komma inn, men me blei
vist vekk eller båret ut av ungdommane våres.
Det kribla i dansefoten !!
Det var show på båten som me andre " vaksne" havna på.
Fantastisk show TRUE COLOURS.
Hadde ein fin overfart, selv om det blåste litt.
( mange kjøpte reisesyke armband på båten)
Båten var litt forsinka til Kiel, men pytt pytt.
Dag 2 var kjøring fra Kiel i Tyskland til Wroclaw i Polen.
Det er ca 719km, så me var framme på hotellet til middag kl. 21.00.
Hadde lunsj underveis .
På hotellet vart det middag og vaktrunder.
Foreldrene gjekk vakt i gangene, slik at ikkje ungdommen
fekk anledning til å forlate hotellet ,eller at det utarta seg bråk på romma.
I Tyskland og Polen skal det vera "stilt" kl.22
Så denne kvelden var det "mitt" rom som skulle gå vaktrunder.
Når alle hadde roet seg og det vart stilt, kunne me sova og.
Det var deiligt, for det var opp til frokost kl.06.00 neste dag.