Søk i denne bloggen

søndag 2. desember 2012

1. søndag i advent

 
Slik ser det ut på Skåleviketoppen i dag.
Kvitt, kvitt og kvitt.
 
Eg og jentene hadde ein tur i skogen
for å sjå om "tussamyro" var islagt.
Men det var den ikkje,
det var berre katten som kunne gå utpå.



 
Fin stemning i skogen i dag, alt var berre kvitt.

 
Mailinn gjekk på ski oppover mot skogen, men der me gjekk var det ikkje mulig å ha ski på beina.
Dei måtte parkerast.

 
Som du ser "klabber" det på skia.
Ikkje lett å gå , men ho gir seg ikkje.



 
Dette er første snøen katten opplever, så den er heilt gal.
Hopper og ruller seg ,
ikkje lik dei andre me har.

 
Heldigvis har svigerfar kappa opp mykje ved til vinteren.
Her er det berre for oss å forsyna seg.
Heldige oss :)
 
 

 
No er det tid for å finna fram fuglamaten.
Me skal laga fuglamat ein dag,
men i dag blei det berre litt frø i fuglahuset.

 
På ettermiddagen i dag var det julegateopning og
julegrantenning.
I den annledning var det fakkeltog og skulemusikken spelte
når me stoppa utfor sjukeheimen og
gamleheimen.


 
Masse folk som stilte opp
i det nydelige veret me hadde i dag.
Men det var kaldt, så etter me hadde gått i tog var det heim å få
varmen i beina igjenn.

 
Ha ein fine 1. søndag i advent.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar