Søk i denne bloggen

fredag 31. august 2012

Heeeeeeeeeeeeeelg :)

 
Endelig der kom helga :O))
Etter ein travel dag på jobb er det godt å bare sige ner i sofaen, med beina godt planta på puffen.
Men eg kan ikkje sitte her lenge..
Skal nemlig bake kake til ei veninne som skal gifte seg i morgen.
Ho har to gutter og den eine har nøtteallergi,
så derfor kan han ikkje ete alle slags kaker.
 
Ho har bestilt ei kake fult med krem og jordbær.
Kan ikkje bruke marsipan, så denne blir trukket med sukkerfondant.
Bilde kommer nok seinare.
 
Men du kan du sjå ei anna kaka som eg lagde for noken veker siden.
Kaka blei laga til sjefen vår , som fylte 50 år.
 
Kaka hadde tilknytning til ein sang, som me dikta og framførte.
 
Når eg skal lage kaker, ser eg kakene for meg .
Denne skulle vera litt spesiell, så eg tenkte ein del på korleis eg skulle løyse dette.
Dette skulle vera ei ostekake ( siden han er så glad i denne kaka).
 


 
Så var det til å finne fram legoklossene til ongane,
eg måtte jo ha ei form !!
Kledde klossane med ein brødpose..
 


 
Sette "forma" på kjeksbunnen, så helte eg ostekremen i forma.....

 
deretter blåbærgele........

 
Kjøpte ei sjokoladekake for å gjøre det litt enkelt..


 
- SIMSALABIM - så blei dette til eit naust.
Brukte marsipan til å pynte naustet.

 
Så blei "klosseforma" tatt ut og eg hadde eit fint hull i kaka,
perfekt til å sette naustet ned i .
Sjefen vår er veldig glad i å sykle,
derfor lagde eg eit sykkelsete av sjokoladekake.
Trukket med svart marsipan.

 
Slik såg kaka ut når den vart ferdig.
 Gelekake med naust , brygge og båt.
 
Sykkelsete, navn, tall og SPAR logoen.

 
Gleder meg til bryllupet i morgen.
No meir kakebaking før eg og Mailinn skal sjå norske talenter.
 
Ha ei super fin helg!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar