Søk i denne bloggen

fredag 13. april 2012

Fredag den 13


Fredag, fridag og helg.
Eller fredag, fridag og frihelg....
Kan ikkje bli bedre :-)

Dagen i dag har eg brukt på huset.
Vaska fra loft til kjellar, innom alle rom.

Blogga om ein vidunderlig blå orkide for ei stund tilbakers.
Eg har aldri sett ein så fin blå blomst før, og eg har fundert litt
på korleis den er blitt så blå. Eg har fått fram blå nellik før,
med å setta blomane i blå konditor farge, men då blir ikkje heile blomsten blå.
Stilken blir blå og nelliken blir lyseblå.


Hmmmm tenke,  tenke....


Slik ser den ut i dag, dei nye blomane som springer ut er
KVITE... Fjusk!!


No er alle kvitevarene til kjøkkenet bestilt og
benkaplata skal eg henta imorgo.
Spennande å sjå resultatet....

Me har fått tak i ein snikker som skal hjelpa oss med å montera
benkaplata og skjera ut til koketoppen og vasken.

Då nermer det seg ferdig resultat,
og at kjøkkenet blir ferdig.


No skal helga nytast i fulle drag.
Neste helg er det jobbehelg igjenn,
og så går det slag i slag i heile mai.
Men skal prøva å ikkje gløyma blogginga heilt,
veit det er mange som venter på kjøkken bilder..


Ha ei god helg folkens :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar